|
|
|
Skrevet av Kjetil
|
|
Loppemarknad Fredag og laurdag 24. og 25. september 2010 vert det på nytt arrangert loppemarknad på Lyngmo. Me er allereie i gang med å ta i mot lopper til neste års loppemarknad. Ta kontakt med Lyngmo for levering!
Arrangementet har synt seg å væra ein suksess og det har vore mykje folk innom og sikra seg ”lopper” av ymse slag. Me har også i år fått inn mange ulike lopper, blant anna mykje møblar, klær, leiker, sportsutstyr, elektriske artiklar, pyntegjenstandar, koppar og kar osv. Me vil også i år auksjonere vekk dei mest verdifulle loppene. Auksjonen startar 19.30 på fredagen. Det vert også kafeteria med sal av rømmegraut, lappar, kaker og pølse i brød. Pengane som kjem inn vil verta brukte til ulike prosjekt på leirstaden. Dersom du er nysgjerrig på korleis det ser ut på Lyngmo er dette ein perfekt anledning til å stikka innom. Hjarteleg velkomne! Plakat for loppemarknaden i 2010 finn du her . For informasjon, ta kontakt med Lyngmo på tlf 57684366 eller skriv ein e-post her . |
|