 Campingplassen ligg ut mot Hafslovatnet Sjå presentasjonsvideo her. Lyngmo har gode moglegheiter til overnatting i flotte 2 - 7 sengsrom med eige bad, i campinghytter eller på campingplassen. Me tek i mot enkeltgjester og grupper. I sommarsesongen satsar Lyngmo på turisme. Me tilbyr då Bed & Breakfast, med overnatting på det flotte internatet vårt. Dei flotte romma kan nyttast som enkeltrom eller som familierom. I tillegg til overnatting på rom har me campingplass og campinghytter. Det er badestrand og flytebryggje på campingplassen, noko som gjev gode mulighetar for å bade og fiske i Hafslovatnet. I tillegg har Lyngmo utleige av kanoar og robåtar. · Bed & Breakfast: Dette tilbodet er i 2010 opent mellom 22. juni og 15. august. Frukosten vert servert som buffet i matsalen mellom 08.30 og 09.30.
Rom og overnatting · Romma: Lyngmo har sengeplass til ca. 100 personar. Dette er fordelt på 26 rom. Me har 16 familierom med 2 – 7 sengeplassar. Alle desse romma har eige bad med dusj og toalett. I tillegg har me 10 dobbeltrom utan bad. Desse romma har felles sanitæranlegg. For større grupper er det også mogleg å bruke hyttene. Eit av dei flotte romma Bilete frå romma . · Campingplassen: Denne ligg med nydleg utsikt mot Hafslovatnet og har plass til ca. 25 campingvogner. Campingplassen har felles sanitæranlegg med hyttene. Campingplassen er open frå 14. juni - 22. august. Bilete frå campingplassen . · Hytter: Me kan tilby sju campinghytter med ulik standard og størrelse, med totalt 34 sengeplasser. Det er fire store hytter med to soverom og eit opphaldsrom med kjøkenkrok. Desse har plass til 4 – 6 personar. I tillegg er det tre små hytter med plass til fire personar. Også desse hyttene har kokemoglegheiter. Det er ikkje innlagt vatn i nokon av hyttene og det er felles sanitæranlegg med resten av campingplassen. Hyttene er enkelt utrusta med minikomfyr/kokeplater og kjøleskap. Bilete frå hyttene . · Aktivitetar: Innandørs har me biljard, bordtennis og airhockey. Utandørs har me badestrand i Hafslovatnet, robåt- og kanoutleige, sandvolleyballbane og trampoline. Bilete frå aktivitetane. Prisar Camping Bed & Breakfast• frå 235,– pr. pers. i rom med 4-6 senger • frå 360,– pr. pers. i dobbelt rom • Hytter: Stor: 510,- pr natt. Lita: 360,- pr natt. |