Set av helga 03.-05. november
Snart er det 16 - 30 leir igjen her på Lyngmo, og me håpar at du har lyst til å komme!
Me er i gang med planlegginga av leiren, og forventningane har byrja å bygge seg opp! Gled deg! Her vil fellesskapet med Jesus og kvarandre væra i sentrum.
- me skal få ha ei helg der me kan ha forventningar til Gud og at han talar til oss
- me skal få ha det triveleg og kjekt ilag, rett og slett nyte ei frihelg med gode vener til STOR glede
- me skal få bli oppmuntra, utfordra og veileda til å leva som levande eksempler på at Gud er god, allmektig og levande!
Med oss som talar denne gongen har me Knut som har flytta med heile famiien sin frå Sogndal til Sentral-Asia for å drive pionérarbeid. Han er blant anna miljøgründer, innovatør, bærekraftpromotør, glad i norgesferiar med campingbilen, ein kjempedyktig formidlar og mykje meir! Kom og høyr kva Gud har lagt han på hjerta for denne helga.
Fredag:
Kveldsmøte: Introduksjon til det som kjem vidare denne helga med bakgrunn i Knut sitt eige liv.
Laurdag:
Bibeltime: Kven er Gud? (ditt Gudsbilete)
Kveldsmøte: Kven er du? (din identitet)
Søndag:
Bibeltime: Kva gjer du? (dine valg)
Utsendingsmøte: Kvar skal du? (di forteljing)
Pris:
Studentpris: 775 kr
Vanlig pris: 1060 kr
Leiren er for deg mellom 16 og 30 år - men du må òg ha begynt på vidaregåande skule.
For påmelding, bruk skjemaet nedanfor:
(evt. Mail: ungdom@lyngmoinfo.com eller Tlf: 57 68 43 66)