Tilbake til alle arrangementer

AVLYST- Barnas Songleir- Utsett frå november til 5. - 7. februar 2021


Barnas songleir er for 2. - 7. klasse på Lyngmo Ungdomssenter på Hafslo.

Ein litt anna type leir!
Ein litt anna type leir!

Sigrid Karine Belt kjem til oss! Her vert me meir kjent med Jesus gjennom ei aktiv helg med song, leik og dans. Opplegget passar godt for gutar og jenter! Helga vil be stå av mykje song med futt og fart i, me gleder oss! Det vert sjølvsagt god leir-stemning med andakt, leirkveld, kiosk, god mat, gymsal, aktivitetar ute og inne. Få med ein venn og Bli Med!!!!!

Konsert!

Etter ei flott helg med øving inviterer me alle me kjenner til konsert! Kl.13.00 på søndagen brakar det laust på Lyngmo. Inviter venner, familie, naboar, læraren din og andre som har lyst!!

Barnekorleiarar!

Driv du eit barnekor? Ta med deg koret ditt og kom! Her kan du kanskje få idear til ditt kor, lære nye songar og møte andre korleiarar. 
Dess fleire, dess betre! 

Påmelding og pris: 
Link til påmeldingsskjema:
www.lyngmoinfo.com/leir

Leiren kostar 730,-

Praktisk informasjon
Leiren startar fredag 5. februar 2021 kl 18.00 med innkvartering
Leiren sluttar søndag 7. februar 2021 kl 13.00 med konsert. 

Er det noko meir du lurer på kan du ta kontakt på bua@lyngmoinfo.com eller

57 68 43 66

Alle med!

På Lyngmo ynskjer me at alle skal få moglegheit til å delta. Ta kontakt med dagleg leiar eller barne- og ungdomsarbeidar dersom de ikkje har høve til å delta av økonomiske årsaker. Me hjelper gjerne til med å finne løysing for sponsing i slike saker! (lyngmo@lyngmoinfo.com)


Ver rask, det vert fort fullt! =) 
Velkommen til Lyngmo!

 

Forrige
Forrige
15. januar

Pusterom- AVLYST (04.01.21)

Neste
Neste
19. februar

Vinterleirane på Lyngmo- AVLYST