Tilbake til alle arrangementer

Barnas Songleir 2024


  • Lyngmo Ungdomssenter AS 21 Lyngmo Hafslo, Vestland, 6869 Norway (kart)

Me gler oss til Barnas Songleir 1.-3. november 2024! Leiren er for barn frå 2.-7.klasse, så meld deg på og bli med!

Konsert!

Etter ei flott helg med øving inviterer me alle me kjenner til konsert! Kl.13.00 på søndagen brakar det laus på Lyngmo. Inviter venner, familie, naboar, læraren din og andre som har lyst!!

Barnekorleiarar!

Driv du eit barnekor? Ta med deg koret ditt og kom! Her kan du kanskje få idear til ditt kor, lære nye songar og møte andre korleiarar. 
Dess fleire, dess betre! 

Leiren kostar 825,- (OBS! På ein del leirlappar står det at leiren koster 1130,- det er feil)

Praktisk informasjon
Leiren startar fredag 1. november 2024 kl 18.00 med innkvartering
Leiren sluttar søndag 3. november 2024 kl 13.00 med konsert. 

Er det noko meir du lurer på kan du ta kontakt på bua@lyngmoinfo.com eller 57 68 43 66

Alle med!

På Lyngmo ynskjer me at alle skal få moglegheit til å delta. Ta kontakt med dagleg leiar (lyngmo@lyngmoinfo.com) dersom de ikkje har høve til å delta av økonomiske årsaker. Me hjelper gjerne til med å finne løysing for sponsing i slike saker!


Velkommen til Lyngmo!

 

Forrige
Forrige
25. oktober

Haustbasar

Neste
Neste
15. november

Inspirasjonshelg for kvinner