Tilbake til alle arrangementer

Palmehelga - Familieleir på Lyngmo



 

Det er no fullt på leiren, men meld deg på for å koma på venteliste!

På Lyngmo er det familieleir frå fredag 8. – mandag 11. april 2022.

Les litt meir om familieleiren under her!

Bruk påmeldingsskjemaet under til å melde deg på.

Dersom du har spørsmål kan du sende e-post til lyngmo@lyngmoinfo.com!

Brosjyren finn de her!


PÅMELDINGSSKJEMA

 

Familieleir på Lyngmo er...


 

Kvifor familieleir?

Me trur at familieleir er ein viktig arena for trusopplæring. Me ønskjer å gje borna og dei vaksne felles opplevingar som bind saman familiane og som kan hjelpe familiane til å leva ut eit liv i etterfølging av Jesus! Det er også flott å kunne feire påsken og Jesus sin oppstandelse saman med familien! 


 

Formidling av påskebudskapet

Barnesamlingar: Barna er viktige for oss! Opplegget er tilpassa for barn frå 1 – 12 år. Det vert bibelhistorie, song, leik, moro og hobbyaktivitetar.

Bibeltimar: Under barnesamlingane får dei vaksne ei eiga samling, der ein går litt meir grundig inn i Bibeltekstane. Karen Sofie Aasmyr skal snakke om “Å rydde plass for tru og liv!”

Familiesamlingar: Korte møte med borna i fokus. Me skal syngja, lytta til bibelhistorie og samla inn pengar til Barnas Misjonsprosjekt! Søndag vert det sjølvsagt den obligatoriske leirkvelden!

Kveldssamling: For dei vaksne vert det eiga samling med meir tid til lovsong og fellesskap på kveldane. Me tek oss også tid til samtale og forbønn.

Bønnerommet: Dette er ope under leiren og det vert eigne bønnesamlingar for dei som ønskjer å bli med på det!


Familietid

Me prioriterer mykje tid til at familiane kan gjere aktivitetar saman:

Snø: Det er gode forhold for slalom, aking og langrenn i Sogn skisenter. Dersom det er lite snø på Hafslo kan ein også reise til Sogndal skisenter eller Sognefjellet.

Bading: Ta gjerne turen til Lustrabadet, som er eit flott badeanlegg, ein av dagane!

Spel og leik saman med borna: Me oppfordrar de som er vaksne til å bruke tid saman med borna på leiren! Bruk gymsalen vår, aktivitetsrommet eller finn fram brettspela og gjer noko kjekt saman!


God mat

Me satsar alltid på at det skal vera god mat på leirane på Lyngmo. Menyen er sjølvsagt tilpassa borna!


Kiosk, leirkveld og anna moro

To av høgdepunkta på ein kvar leir er kiosk og leirkveld!

“After ski”

Det vert også andre kjekke aktivitetar,  med blant anna «After-ski» i gymsalen!

Betweens-samling!

Det vert betweens-samling om kvelden for 4. klasse og oppover.

 

LEIARANE 2022

Andreas og Herborg Kari Evensen
Edgeir og Målfrid Gunvordal
Geir Allan og Marianne Fylkesnes
Torbjørn og Sara Brosvik
Kjetil Stautland
Nils Jøssang



PRISAR

 

Vaksne: 2100,-

14 - 16 år: 1195,-

5 - 13 år: 1050,-

0 - 4 år: Gratis

Maxpris familie: 6230,-

*Pris inkluderer ikkje skitrekk/badeland

*Alle med: For enkelte familiar vert det for stor kostnad å reise på leir. Dersom dette gjeld dykkar familie kan de ta kontakt på e-post. Då prøver me å leggje til rette for alternative støtteordningar.

*Avbestilling:

Siste 30 dagar: 30 % av pris

Siste 5 dagar: 80 % av pris

**Bruk reiseforsikring ved behov

Forrige
Forrige
3. april

SMAK & SJÅ

Neste
Neste
13. april

AVLYST- Familiepåskeleir (Misjonssambandet Vest)