Informasjon og påmeldingsskjema
Fredag 11. - måndag 14. april 2025.
Påmelding til leiren er opna!
Spørsmål: send e-post til lyngmo@lyngmoinfo.com!
Brosjyren finn de her!
Les meir om innhald og aktivitetar på familieleirane her!
Nøkkelord for familieleiren i palmehelga:
Fellesskap med eigen familie og andre familiar, feire påsken og Jesus sin oppstandelse, tru på heimebane, Leirkveld, aktivitetar, god mat, leik og latter.
Kvifor familieleir?
Me trur at familieleir er ein viktig arena for trusopplæring. Me ønskjer å gje borna og dei vaksne felles opplevingar som bind saman familiane og som kan hjelpe familiane til å leva ut eit liv i etterfølging av Jesus! Det er også flott å kunne feire påsken og Jesus sin oppstandelse saman med familien!
LEIARANE 2025
Nils og Irene Jøssang
Lars Inge og Ane Marte Stautland
Åshild og Henning Sagevik
Per Tveten
Kjetil Stautland
Prisar og vilkår 2025
Vaksne: 2400,-
14 - 17 år: 1365,-
5 - 13 år: 1245,-
0 - 4 år: Gratis
Maxpris familie: 7275,-
*Pris inkluderer ikkje skitrekk/badeland
*Alle med: For enkelte familiar vert det for stor kostnad å reise på leir. Dersom dette gjeld dykkar familie kan de ta kontakt på e-post. Då prøver me å leggje til rette for alternative støtteordningar.
*Avbestilling:
Siste 30 dagar: 30 % av pris
Siste 5 dagar: 80 % av pris
**Bruk reiseforsikring ved behov
Leirklubb
Lyngmo får frifond-midlar for barn som er med i leirklubben. Merk av i påmeldingsskjemaet for å være med i leirklubben
Dette kostar 50,- pr barn. pr år. Medlemskapet vert ikkje fornya automatisk og det gjeld kun for dette året.
Betaling: Vipps 119360. Velg leirklubb --> Skriv navn på barna.
Barn som reiser på barne- og ungdomsleirar på Lyngmo treng ikkje registrere seg her.