Tilbake til alle arrangementer

Inspirasjonshelg for kvinner


Inspirasjonshelg for kvinner er ei årleg helg på Lyngmo kor jenter og damer er svært velkomen!

(Påmeldingskjema på botn av sida)

8. - 10.  november 2019 er det 10. året helga vert arrangert, og det skjer i  samarbeid med Connected, kvinnearbeidet på SIM (Sogndal Indremisjonsforsamling).

Sjå årets brosjyre her! 

Ei Ekte kvinnehelg!!
Der målet er å verte inspirert av Jesus og kvarandre!

Det blir ei avslappande helg på Lyngmo
med ferdig oppreidd seng, nydeleg mat, lovsong,
bønn og mykje sosialt og hyggelig samvær.
Eili og Magni, leier lovsong. Margareta Magnus kjem
og skal ha spennande seminar for oss.
 


Margareta Magnus har saman med mannen Alv tidlegare vore leiarar for Ungdom i Oppdrag i Noreg. Ho er ei åndeleg mor for mange, ei dame med varme, omsorg og pågangsmot. Ho har eit hjerte som brenn for at me skal få leve eit liv med Jesus i kvardagen. Ein stor inspirator for Jesus.

Margareta Magnus kjem og skal ha spennande  seminar for oss.

Margareta Magnus kjem og skal ha spennande
seminar for oss.


Fredag

18.30 Innsjekking i oppreidd seng (ikkje studentpris)
19.00 Kveldsmat
20:00 Samling med seminar og song (Fredagsmøte er kun for dei som deltek på heile helga). Vaffler, frukt og sosialt samvær etterpå. Og ikkje minst fotbad.

Laurdag

08:30 - 09:45 Flexi-frukost
10:00 Seminar og lovsong (Dei med dagpass er velkomne frå kl 10.00) 
Bollar, frukt og kaffi/te i vestibylen        

Samtalegrupper og Fritid

14:00   Felles Mat
Flexi-tid; gå ein tur, sove, slappe av, strikke og prate. 
17:30  Festmiddag, vi kler oss fint. Gjerne kjole og finsko
19:30 Ope inspirasjonsmøte m/ lovsong, tale, forbøn.
Be gjerne venner koma til dette.
Servering av kaker og kaffi etter møtet.
23:30 Snacks og nattkino for deltakere (også dei med dagpass)

Søndag

08:30-09:45 Flexi-frukost
10:00    Avslutningsseminar  og lovsong., berre for dei som deltek på heile helga.
Enkel servering i vestibyle. 
Ca.13.00 Vel heim

Det er mulig å delta berre på laurdagen med eit dagpass utan overnatting.


Prisar
Kr. 1730.- pr pers. Heil helg. (Tillegg for enkeltrom 430,-) 
Dagpass laurdag kr 710,- frå kl.10.00
Inkl. mat, seminar, opplegg og festmiddag.
Studentar heil helg: 1120,- (ikkje oppreidd seng). 


       
For påmelding, send mail til: 
bua@lyngmoinfo.com
eller ring 57 68 43 66

Forrige
Forrige
1. november

16 - 30

Neste
Neste
15. november

Barnas Songleir