Inspirasjonshelg for kvinner!
Inspirasjonshelg for kvinner er ei årleg helg på Lyngmo kor jenter og damer er svært velkomen!
(Påmeldingskjema på botn av sida)
19.-21. november 2021 går helga av staben i år, Inspirasjonshelg for kvinner eir eit samarbeid med Connected, kvinnearbeidet på SIM (Sogndal Indremisjonsforsamling).
Sjå årets brosjyre her!
Ei Ekte kvinnehelg!!
Der målet er å verte inspirert av Jesus og kvarandre!
Det blir ei avslappande helg på Lyngmo
med ferdig oppreidd seng, nydeleg mat, lovsong,
bønn, samtalegrupper, besøk frå ulike lokale damer som har ulike nisje stands og mykje sosialt og hyggelig samvær.
Tema for helga er “ Gullgraving”
Me får med oss Marianne Braseth, som er tidlegare baseleiar for UiO basen på Felkkerøy.
Eili og Magni, leier lovsong.
Fredag
18.30 Innsjekking til oppreidd seng (ikkje studentpris)
19.00 Kveldsmat
20:00 Samling med seminar og song (Fredagsmøte er kun for dei som deltek på heile helga). Vaffler, frukt og sosialt samvær etterpå.
Laurdag
08:30 - 09:45 Flexi-frukost
10:00 Seminar og lovsong (Dei med dagpass er velkomne frå kl 10.00)
Bollar, frukt og kaffi/te i vestibylen
Samtalegrupper og Fritid
14:00 Felles Mat
Flexi-tid; gå ein tur, sove, slappe av, strikke og prate.
17:30 Festmiddag, vi kler oss fint. Gjerne kjole og finsko
19:30 Ope inspirasjonsmøte m/ lovsong, tale, forbøn.
Be gjerne venner koma til dette.
Servering av kaker og kaffi etter møtet.
23:30 Snacks og nattkino for deltakere (også dei med dagpass)
Søndag
08:30-09:45 Flexi-frukost
10:00 Avslutningsseminar og lovsong., berre for dei som deltek på heile helga.
Enkel servering i vestibyle.
Ca.13.00 Vel heim
Det er mulig å delta berre på laurdagen med eit dagpass utan overnatting.
Prisar
Kr. 1810.- pr pers. Heil helg. (Tillegg for enkeltrom 450,-)
Dagpass laurdag kr 740,- frå kl.10.00
Inkl. mat, seminar, opplegg og festmiddag.
Studentar heil helg: 1170,- (ikkje oppreidd seng).
For påmelding, send mail til:
bua@lyngmoinfo.com
eller ring 57 68 43 66