Juleverkstad på Lyngmo laurdag 5. desember frå klokka 11.00- 14.00.
Me gjennomfører Juleverkstaden ut i frå smittevernreglar frå FHI og Luster Kommune.
Spesielt for Juleverkstaden i år:
- Juleverkstaden er for 5 - 12 år. 
- Påmelding til Lyngmo med påmeldingsfrist fredag 4. desember kl 12.00. 
- Fast plass gjennom heile Juleverkstaden. 
- Alle må ha med vaksen hjelpar: 1 vaksen per 2 born. NB: Ingen sysken under 5 år! 
- Begrensa tal plassar: Maks 50 deltakarar, inkludert vaksne. 
- Me held 1 meter avstand 
- God handhygiene 
- Er du sjuk kan du ikkje komme. Same reglar som for oppmøte på skulen. 
I tillegg til at ein får lage julegåver og pynt, kjem me til å ha andakt og song. Felles avslutning med julegraut med mandel i. 
 
Prisar:
Born kr 175,- 
Vaksne kr 60,- 
Familiepris kr 500,- (Familieprisen inkluderer maks 2 vaksne).
Betaling skjer via vipps/ nettbank før ankomst. 
NB: Du får eigen e-post om du har fått plass på arrangementet. Det vert sendt ut meir informasjon om arrangementet på e-post. 
 
                        