Tilbake til alle arrangementer

Garasjesal: Me tømmer loppelageret!

  • Lyngmo Ungdomssenter AS 21 Lyngmo Hafslo, Vestland, 6869 Norway (kart)

Velkomen til tømming av garasjen med lopper!

Framtida til loppemarknaden er usikker og me har landa på at me skal bruke laurdag 24. september til å selja det me har att frå tidlegare år. Det er ikkje så mykje, men det blir for gale om det går i ein containar!

Me legg opp til nokre hyggjelege timar med sal av lopper, og noko å drikke og bite i.

Informasjon:
Kvar: Vestibylen på Lyngmo
Når: 24 sep. 12- 16
Korleis: Nærare garasjesal enn loppis. Ta med deg mobilen (Vipps) og godt humør, så vert dette ein koseleg møteplass denne dagen.
Kva: Det er viktig å presisere at det ikkje er veldige mengder med lopper. Me tenker at det er nokre kupp å finne sjølv om det ikkje er same størrelsen eller organisert slik som vanleg.
Parkering: Bruk Lyngmo parkeringa i bakken og storeparkeringa.

Bakgrunn:
For fleire er Loppemarknaden på Lyngmo ein årleg tradisjon, no opplev me at det er litt vanskeleg å sjå korleis framtida til Loppemarknaden vert sjåande ut. Komiteen har landa på at viss det skal fortsette å vere loppemarknad må me har fleire som ynskjer å bidra. Vidare står me no utan lagring etter mongen år der me har vore heldige å fått vere same plassen, noko som har vore ein veldig velsigining! Me har vore i kontakt med litt forskjellige folk ang. lagring, men har ikkje funne noko enno. Har du tips til lagring, ikkje nøl med å ta kontakt med Lyngmo (lyngmo@lyngmoinfo.com).

Forrige
Forrige
16. september

Kvinnestemne (Internatmøte for kvinner)

Neste
Neste
30. september

Haustleirar 2022