Tilbake til alle arrangementer

Loppemarknad- AVLYST


Loppemarknad 2020- Avlyst

IMG_0853.JPG

Hei!

På grunn av stor usikkerhet rundt korona-situasjonen har me vurdert lenge kva me skal gjere med loppemarknaden i slutten av september 2020. Loppelageret vårt er fullt og me har sett fram til mykje folk og god loppestemning!

Me har jobba med ulike tiltak og vore i kontakt med Luster kommune for vegleiing. Slik situasjonen er no ser me at det vil bli omfattande tiltak for å få til eit loppemarknad i samsvar med gjeldande smittevernreglar. Dette vil krevje store ressursar samstundes som det er usikkert kor stor oppslutnaden rundt eit loppemarknad vil bli slik situasjonen er.

Me vel difor å avlyse loppemarknaden for 2020 og håpar på at me får gjennomføre nytt loppemarknad hausten 2021.

Når det gjeld mottak av lopper må me difor seie nei til å ta i mot ei stund framover. Ny vurdering for mottak av lopper vert gjort våren 2021.

For Lyngmo Ungdomssenter
Kjetil Stautland
-dagleg leiar-

Forrige
Forrige
20. september

Sogn Misjonssamband- 100 år

Neste
Neste
2. oktober

Haustleirar 2020