Tilbake til alle arrangementer
Me ynskjer å invitere alle Lyngmo- vener på medarbeiderfest Tirsdag 14. mai kl 19.30 på Lyngmo.
Mange barn, ungdom og vaksne er innom på Lyngmo. Me trur at samlingane, fellesskapet og det som blir forkynt er viktig i den enkelte sitt liv. Dei frivillige er uunværlige for oss! Derfor vil me invitere alle som har vert innom Lyngmo og hjulpet til med ett eller annet til dømes leir, arrangement, kjøkken, sommervikarar, ungdomsteam, vaktmesterarbeid og vasking til ein medarbeiderfest der me kan kosa oss i lag. Me er så takksame for innsatsen du gjer og vil gjerne takke alle dei frivillige!
Det vert middag med dessert, kjekt sosialt samvær, samt song og andakt med Wenche Eikum.
Hugs å melde deg på slik at me har ein indikator på kor mange me skal lage mat til.