-Spring for Lyngmo 2. september-
Hugs å melde dykk på (skjema nedst på denne sida)
Onsdag 2. september arrangerer me «Spring for Lyngmo».
Korona-tida har vore utfordrande for Lyngmo og innsamlingsaksjonen er eit viktig bidrag for økonomien vår. Er du under 20 år kan du bli med og springe for ei god sak.
Er du fylt 20 år kan du sponse nokre av løparane.
Program
Gratis matservering pizza og pølser: 16.30-17.30
Spring for Lyngmo: 17.30 – 18.30
Avslutningssamling med premieutdeling og andakt: 19.00 – 19.30
Informasjon om løpet:
Deltakarane skal springe ein runde på 400 meter så mange ganger dei klarer i løpet av 1 time.
I dagane før løpet startar skaffar deltakarane seg sponsorar (familie, venner og bekjente). Sponsing skjer på 2 måtar:
A: Sponsar med eit beløp pr runde som deltakarane klarer å springe i løpet av 1 time
B: Sponsar med eit fast beløp for heile løpet.
Alle sponsa beløp går som ei gåve til Lyngmo Ungdomssenter og vert innbetalt på Vipps / bank-konto etter løpet.
Deltakaren gjer beskjed til dei som har sponsa om kor mange rundar du har sprunge slik at dei kan betale sponsinga til Lyngmo.
Premiering til
Den som skaffar flest sponsorar
Den som spring flest rundar i kvar klasse (Barnehage, 1.- 4. klasse, 5. – 7. klasse, 8. klasse – 19 år)
Deltakarane og tilskodarar må melde seg på med skjema nederst på sida
Frist for påmelding er onsdag 2. september kl 10.00. Ta kontakt på telefon 57684366 med Lyngmo dersom påmelding etter dette klokkeslettet.
Me ønsker alle velkomne til å stå rundt løypa og heie!
Korona:
Me tek smittevern på alvor og føl retningslinjer og vegleiing frå FHI og Luster kommune.
Sjå her for meir informasjon om smittevern på Lyngmo: https://www.lyngmoinfo.com/korona-informasjon-lyngmo