-Spring for Lyngmo onsdag 1. september-
Hugs å melde dykk på (skjema nedst på denne sida)
Onsdag 1. september arrangerer me «Spring for Lyngmo».
Korona-tida har vore utfordrande for Lyngmo og innsamlingsaksjonen er eit viktig bidrag for økonomien vår.  I 2021 vert midlane øyremerkte eit prosjekt for å ruste opp scene, lyd og lys i møtesalen. 
Program
  Gratis matservering pizza og pølser: 16.30-17.20
Andakt og oppvarming: 17.20 - 17.40
 Spring for Lyngmo: 17.45 – 18.45
 Avslutningssamling med premieutdeling og andakt: 18.50 – 19.05
Informasjon om løpet:
- Deltakarane skal springe ein runde på 400 meter så mange ganger dei klarer i løpet av 1 time. 
- I dagane før løpet startar skaffar deltakarane seg sponsorar (familie, venner og bekjente). Sponsing skjer på 2 måtar: - A: Sponsar med eit beløp pr runde som deltakarane klarer å springe i løpet av 1 time 
- B: Sponsar med eit fast beløp for heile løpet. 
 
- Alle sponsa beløp går som ei gåve til Lyngmo Ungdomssenter og vert innbetalt på Vipps / bank-konto etter løpet. 
- Deltakaren gjer beskjed til dei som har sponsa om kor mange rundar du har sprunge slik at dei kan betale sponsinga til Lyngmo. 
- Premiering til - Den som skaffar flest sponsorar 
- Den som spring flest rundar i kvar klasse - Barnehage 
- 1.- 4. klasse 
- 5. – 7. klasse 
- Vaksen (8. klasse og oppover) 
- Fylt 60 år 
 
 
- Deltakarane og tilskodarar må melde seg på med skjema nederst på sida 
- Frist for påmelding er onsdag 1. september kl 10.00. Ta kontakt på telefon 57684366 med Lyngmo dersom påmelding etter dette klokkeslettet. 
Me ønsker alle velkomne til å stå rundt løypa og heie!
 
                        