Tilbake til alle arrangementer

Spring for Lyngmo

  • Lyngmo Ungdomssenter AS 21 Lyngmo Hafslo, Vestland, 6869 Norway (kart)

-Spring for Lyngmo onsdag 7. september-

Hugs å melde dykk på (skjema nedst på denne sida)

Onsdag 7. september arrangerer me «Spring for Lyngmo». I 2022 vert midlane øyremerkte eit prosjekt for å ruste opp scene, lyd og lys i møtesalen.

Program

Gratis matservering pizza og pølser: 16.30-17.20
Andakt og oppvarming: 17.20 - 17.40
Spring for Lyngmo: 17.45 – 18.45
Avslutningssamling med premieutdeling: 18.50 – 19.00

Informasjon om løpet:

  • Deltakarane skal springe ein runde på 400 meter så mange ganger dei klarer i løpet av 1 time.

  • I dagane før løpet startar skaffar deltakarane seg sponsorar (familie, venner og bekjente). Sponsing skjer på 2 måtar:

    • A: Sponsar med eit beløp pr runde som deltakarane klarer å springe i løpet av 1 time

    • B: Sponsar med eit fast beløp for heile løpet.

  • Alle sponsa beløp går som ei gåve til Lyngmo Ungdomssenter og vert innbetalt på Vipps / bank-konto etter løpet.

  • Deltakaren gjer beskjed til dei som har sponsa om kor mange rundar du har sprunge slik at dei kan betale sponsinga til Lyngmo.

  • Premiering til

    • Den som skaffar flest sponsorar

    • Den som spring flest rundar i kvar klasse

      • Barnehage

      • 1.- 4. klasse

      • 5. – 7. klasse

      • Vaksen (8. klasse og oppover)

      • Fylt 60 år

  • Deltakarane og tilskodarar må melde seg på med skjema nederst på sida

  • Frist for påmelding er onsdag 7. september kl 10.00. Ta kontakt på telefon 57684366 med Lyngmo dersom påmelding etter dette klokkeslettet.

  • Trykk her for å laste ned sponsorskjema

Me ønsker alle velkomne til å stå rundt løypa og heie!

Forrige
Forrige
27. august

27. - 28. august - Bibelhelg på Lyngmo

Neste
Neste
16. september

Kvinnestemne (Internatmøte for kvinner)