Sogn og Fjordane campen flyttar til Lyngmo!
UL går ONLINE, og me skal samlast på Lyngmo for å få med oss hendinga!
Sogn og Fjordane campen flyttar frå Kongeparken campinga til Lyngmo.
Kveldane blir pakka med UL program på storskjerm og på føremiddagen er det morgonmøte, direkte frå Kongeparken.
På dagane skal me finne på mykje gøy i lag.
For å vere med på UL må du vere ferdig i 9. kl.
UL programmet finn du her.
Pris: 1000,-
Koronainfo:
Generelt
Det skal vera trygt for alle å komme på leir og me på Lyngmo har førebudd oss godt! Samstundes erkjenner me at å reise på leir kan gje auka smitterisiko. Deltakarar i risikogrupper må vurdere dette ekstra nøye saman med føresette.
Me held 1 meter avstand til kvarandre.
Dersom du er sjuk eller har symptom på luftvegsinfeksjon skal du halde deg heime, det gjeld og leiarane.
Dersom nokon blir sjuke eller dei ikkje føl leiarane si rettleiing om smittevern kontaktar me føresette og deltakaren må reise heim.
Me tek omsyn til å overhalde smittevernreglar og retningslinjer frå NLM og IMF som begge bygger på Norges Kristne Råd sin vegleiar.
Me har vore i kontakt med Luster kommune og fått godkjenning til å arrangere leir, med atterhald om at retningslinjene vert følgt opp.
Overnatting:
Å bu på rom saman med andre er utfordrande med tanke på å halde smittevernreglar og avstandskrav på 1 meter. Dette stiller ekstra krav til deg som deltakar! På Lyngmo legg me til rette for meir avstand på romma og utnyttar sengekapasiteten opp til ca. 50 %.
Me ynsker primært at personar som har nærkontakt til vanleg bur på rom saman.
Me legg også til rette for deg som kjem på leir aleine at du kan bu på rom saman med andre
På UL Online vert det opna for å ha med eige telt/lavvo/campingvogn. Leiarane kan ikkje følge opp smittevern i slike einingar, men det er framleis krav om 1 meter avstand.
Det er ikkje lov til å besøke andre på rom /telt / campingvogn.
Ta gjerne kontakt med oss dersom de har spørsmål!
Telefon: 57 68 43 66
Velkommen til UL Online- på Lyngmo!