Det blir Ungdomsleir 20.-22. mai!
Det blir ein litt annleis leir utan overnatting, men som vanleg på leir har me mykje kjekt på programmet!
Onsdag vert det digital kick-off heime.
Torsdag (12-20) og fredag (12-17) møtest me på Lyngmo til bibeltime og møte, mat og aktivitetar. Trond kjem og taler til oss, det trur me blir veldig spennande.
Me håper du set av desse dagane til å bli med. Gled deg- det blir så bra!
Koronainfo:
Det skal vera trygt for alle å komme på leir og me på Lyngmo har førebudd oss godt!
Me held 1 meter avstand til kvarandre.
Dersom du er sjuk eller har symptom på luftvegsinfeksjon skal du halde deg heime, det gjeld og leiarane.
Dersom nokon blir sjuke medan dei er på Lyngmo kontaktar me føresette og ungdommen må reise heim.
Me tek omsyn til å overhalde smittevernreglar og retningslinjer frå NLM og IMF som begge bygger på Norges Kristne Råd sin vegleiar.
Me har også vore i kontakt med Luster kommune og fått godkjenning til å arrangere leir, med atterhald om at retningslinjene vert følgt opp.
Ta gjerne kontakt med oss dersom de har spørsmål!
Program:
Onsdag 20.05, kl 20.00
Torsdag: 21.05, kl 12.00- 20.00
Fredag: 22.05, kl 12.00- 17:00
Pris: 300
For påmelding, trykk her!