Tilbake til alle arrangementer

Vi over 60


I 2022 er me heldige og har fått med oss dei to talarane Kjersti Gangstø og Audun Hjellvik

Meld dykk på så snart som mogleg. Det kan verta fullt.

Hjarteleg velkomne!!


Påmelding

 

Her er link til påmelding-skjemaet:

https://www.lyngmoinfo.com/vi-over-60


Kva og kvifor Vi over 60

Dette er ein leir for dei som er på veg inn i pensjonsalderen og for dei som er godt etablerte pensjonistar. På leiren ønskjer me å setje deltakarane i fokus ved at alle vert sett og inkludert i det sosiale fellesskapet. På Vi over 60 kombinerer me grundig og bibeltru undervisning med lettare underhaldning og aktuelle seminar. Kvart år legg me også opp til ein tur ut i lokalsamfunnet. Indre Sogn har mange perler me kan syne fram! Me trur slike leirar er viktige sosialt. Like viktig er det at ein får påfyll frå Bibelen til eit liv i dagleg etterfølging av Jesus!

 

Talarane

Kjersti Gangstø:

Har vore utsending til Mali i Vest- Afrika frå 2018- 2021. Jobbar no i Region Vest av Misjonssambandet.

 

Audun Hjellvik:

Kjem frå Osterøy. Tok til som emissær i Norhordland Indremisjon i 1971. Har vore ungdomsarbeidar og lærar på Bildøy Bibelskule

 

Brosjyre med dagsprogram


God mat

På leirane på Lyngmo ønskjer me å servere gode og varierte måltid.
For dei som har matallergiar, så er det viktig at de gjer oss beskjed om dette ved påmelding. Då vil kjøkkenstaben prøve å leggje til rette for dei ulike behova.

 

Romstandard

Rom med bad: Det er 25 rom med eige bad på Lyngmo. Romma er enkelt utforma, men med gode senger og elles det du treng.

Campinghytte: Det er også mogleg å bu i campinghytte for dei som ønskjer ein enklare standard. Då får du 15 % rabatt. Hyttene har ikkje innlagt vatn og dei som bur der nyttar det nye sanitæranlegget for campingplassen.

Campingplass: Det er mogleg å ta med campingbil / campingvogn eller bu i telt for dei sprekaste!


Prisar

2485,- for heile opphaldet

*Me køyrer privatbilar på tur.

**Billett/servering på museet kjem i tilegg

750,- i enkeltromstillegg

115,- for leige av sengtøy inkl. handduk

170,- for ferdig oppreidd seng inkl. handduk

15 % rabatt i hytter


Turen

I 2022 går turen til Veitastrond og vidare til Tungestølen. Me ser fram til ein flott tur til denne flotte bygda.


Sosialt og aktivitetar

Leiarane har mål om å sjå deltakarane og at alle skal kjenne seg inkludert. Me held høgt dei uformelle pratane rundt borda i peisestova, samstundes som me prøver å ha enkle programinnslag gjennom leiren.Det vert også lagt opp til nokre fysiske aktivitetar med morgontrim og spasertur for dei som ønskjer det.


Leiarane

Anders Alme ‐ 47 67 96 07              Liv Hushagen ‐ 90 47 31 33
Kjell Mjelstad ‐ 91 53 26 04             


 
Forrige
Forrige
16. mai

16. mai feiring!

Neste
Neste
10. juni

Sommarleirane på Lyngmo