Vi over 60
Dette er ein leir for dei som er på veg inn i pensjonsalderen og for dei som er godt etablerte pensjonistar. På leiren ynskjer me å setje deltakarane i fokus ved at alle vert sett og inkludert i det sosiale fellesskapet. På Vi over 60 kombinerer me grundig og bibeltru undervisning med lettare underhaldning og aktuelle seminar. Kvart år legg me også opp til ein tur ut i lokalsamfunnet. Indre Sogn har mange perler me kan syne fram! Me trur slike leirar er viktige sosialt. Like viktig er det at ein får påfyll frå Bibelen til eit liv i dagleg etterfølging av Jesus!
Påmelding kan gjerast på 3 måter
Påmeldingsskjemaet under (Du får svar i løpet av nokre dagar med stadfesting på bestillinga.)
E-post til lyngmo@lyngmoinfo.com (Du får svar i løpet av nokre dagar med stadfesting på bestillinga.)
Telefon: 57 68 43 66
God mat
På leirane på Lyngmo ønskjer me å servere gode og varierte måltid.
For dei som har matallergiar, så er det viktig at de gjer oss beskjed om dette ved påmelding. Då vil kjøkkenstaben prøve å leggje til rette for dei ulike behova.
Romstandard
Rom med bad: Det er 25 rom med eige bad på Lyngmo. Romma er enkelt utforma, men med gode senger og elles det du treng.
Campinghytte: Det er mogleg å bu i campinghytte for dei som ønskjer ein enklare standard. Då får du 15 % rabatt. Hyttene har ikkje innlagt vatn og dei som bur der nyttar det nye sanitæranlegget for campingplassen. (20 - 50 meter frå hyttene)
Campingplass: Det er mogleg å ta med campingbil/ campingvogn eller bu i telt for dei sprekaste!
Sengetøy: Du kan velje mellom
Ta med sengetøy sjølv
Leige sengetøy (pristillegg)
Ferdig oppreidd (pristillegg)
Sosialt og aktivitetar
Leiarane har mål om å sjå deltakarane og at alle skal kjenne seg inkludert. Me held høgt dei uformelle pratane rundt borda i peisestova, samstundes som me prøver å ha enkle programinnslag gjennom leiren. Det vert også lagt opp til nokre fysiske aktivitetar med morgontrim og spasertur for dei som ynskjer det.