15. - 17. Januar er det duka for ny Utrusta-leir på Lyngmo!
Denne helgen får me besøk av Trond Kråvik. Trond jobbar i Misjonssambanset, han kjem frå Bergen, men bur i Balestrand og har ein truverdig og engasjerande tale-måte. Temaet for helga kommer vi tilbake til. Han gledar seg veldig, og det bør du også gjere!
Kva er Utrusta?
På laurdagen kan du velje mellom to aktivitetar:
For dei som liker å være ute i vinterværet blir det arrangert konkurransar og leikar; kombinert med bål og mat i det fri.
Kommer tilbake til dette alternativet!
På fritida vil det vere mange moglegheiter til å bruke tid med Jesus, prate og drikke kaffi i peisestova, finne på noko i gymsalen, eller spele spel. Og sjølvsagt vert det isbading i år også!!!
Me håper du ynskjer å tilbringa helga saman med oss på Lyngmo!
Har du spørsmål, ta kontakt på e-post (ungdom@lyngmoinfo.com) eller ring 57 68 43 66.
Du er veldig velkomen til Lyngmo!
Pris:
I arbeid: 1515,-
Student: 1130,-
Tillegg for enkeltrom: 550,-
Meld deg på innan 22. desember for å være med i trekningen av å få leiren til halv pris! To heldige vinnere trekkes lille julaften!