Leir, arrangement, overnatting og selskap
Lyngmo i Sogn - Gode opplevingar i flotte lokale!
Lyngmo er sentralt plassert i Sognefjordområdet og ligg nydeleg til ved Hafslovatnet i Luster kommune. Det er 5 minutt til Solvorn og Sognefjorden og 15 minutt til Sogndal / Gaupne. Lyngmo er Misjonssambandet og Indremisjonsforbundet sin leirplass i Sogn.
Leir: Hovudformålet med leirplassen er å drive eit kristent barne- og ungdomsarbeid. Leirane er ein viktig arena for å dele den kristne trua og utruste barn og unge gjennom trusopplæring, sosialt fellesskap og trygge rammer.
Arrangement: Lyngmo har mange arrangement i tillegg til leirarbeidet. Her er det alt frå Småbarnstreff og Knøttekor til ungdomskveldar, julemiddagar og misjonsarrangement
Selskap og utleige: Lyngmo vert brukt til feiring av bursdagar, dåp, konfirmasjon og bryllaup. I tillegg brukar fleire organisasjonar og skular dei flotte lokala våre til ulike arrangement, møter og weekendar.
Overnatting og andre fasilitetar: Her kan du lese meir om dei ulike fasililtetane våre: Overnatting, møterom, matsal, leik, aktivitetar med meir
Lyngmo Gjestehus og Camping: Om sommaren gjestar mange turistar Lyngmo. Her kan du lese meir om sommartilbodet vårt på Lyngmo Gjestehus og Camping!
FASTE LYNGMO-ARRANGEMENT
ARRANGEMENTSKALENDAR
SELSKAP - KURS - KONFERANSE
Selskap og Minnestund
Barnebursdag
Kurs - Møte - Konferanse
Catering
Weekendar og leiarar
BIBELSOMMAR I VEST
Les meir om Bibelsommar i Vest
Slutten av juni / starten av juli kvart år
Velkommen til gode feriedagar for heile familien!
Kommande arrangement
Her ser du nokre av det neste som skjer på Lyngmo!
Basar på Lyngmo
Fredag 30. oktober