Tilbake til alle arrangementer

Pusterom


  • Lyngmo Ungdomssenter AS 21 Lyngmo Hafslo, Vestland, 6869 Norway (kart)

4.-6. november er det duka for Pusterom på Lyngmo!


Denne helga får me besøk av Harald Tjervåg. Det vert spennande å høyre kva han ynskjer å dele med oss denne helga.


Kva er pusterom?

Pusterom er ei helg for deg frå 18 år og oppover, der du kan komme å senke skuldrene. Helga er fylt med god forkynning og fellesskap med moglegheit til å gje respons på det du høyrer og opplever, både i form av tid åleine, i samtale med andre, tid i Guds frie natur, i forbøn eller i lovsong. Me ynskjer at helga skal vere ein oase i ein elles travel kvardag, der du kan komme som du er å få kjenne på eit anna tempo og rytme medan du er her. Der du skal få fylle på av det Gud har for deg, og kjenne at du får reise frå helga med overskot. I løpet av laurdagen vil det bli mulighet for aktivitet midt på dagen, der du kan reise å gå fjelltur, aktivitet ute og gymsal aktivitet, det er sjølvsagt frivillig. På fritida vil det vere mange moglegheiter til å bruke tid med Jesus, prate og drikke kaffi i peisestova, finne på noko i gymsalen, eller spele spel. Fritida er akkurat det, ei tid der du kan gjere det du har behov for.

Målet med helga er å lage ein trygg arena der me i lag kan få vokse i relasjonen vår til Jesus, både ved å bruka tid med han åleine, og i fellesskap. Me ynskjer å lage ei helg der ein set av tid til å bruke med Jesus og venner, med eit litt anna tempo enn den typiske kvardagen, der ein kan finne ut kor ein kan vere i lag med Jesus og i lag med venner. Ein plass du kan komme å finne ut litt meir av kor du er i ditt forhold med Jesus, og kor vegen går vidare. Du kan få kjenne på kor du er og sjå at Jesus er her i lag med deg. Me ynskjer å skape ein arena der det er OK å kjenne etter, og avsløre det om det er ting som ikkje er så greie.


Me håper du ynskjer å tilbringa helga saman med oss på Lyngmo!

Har du spørsmål, ta kontakt på e-post (ungdom@lyngmoinfo.com) eller ring 57 68 43 66.

Du er veldig velkomen til Lyngmo!


Pris:
I arbeid: 1225,-
Student: 910,-
Tillegg for enkeltrom: 670,-

Forrige
Forrige
28. oktober

Haustbasar

Neste
Neste
11. november

Barnas Songleir 2022