Selskap - Kurs - Konferanse

Lyngmo - Eit rusfritt og familievenleg alternativ i Sogn!

Gode selskaps- og møtelokale kombinert med fine leikeområder for barn og ungdom!

Lyngmo er ein flott plass til ulike selskap, arrangement, weekendar, kurs og konferansar.

Gjestene sine behov: Me prøver å lage gode pakkar i samarbeid med gjestene sine ønsker.

Lokaler: Dei varierte og fleksible lokala våre gjer at me er eit godt alternativ for små og store grupper og for alle aldrar! Her finn du møtesal med standard lydutstyr og prosjektor, piano og trommer. Me har også aktivitetsrom og gymsal til leik og aktivitet. Lokala har ulike størrelsar og me kan tilby plass frå 0 - 200 gjester.

Overnatting: Gode moglegheiter for å kombinere kurs, konferanse og selskap med overnatting

Mat og drikke: God mat og drikke er viktig! Det skal være noko som folk flest likar. Me prøver å tilpassa menyen til dei ulike gjestene våre og deira ynskjer. I samband med konferansar og møter kan me tilby lunsj, middag og andre måltid. 

  • Barnevenleg: God mat til barna er viktig!

  • Selskap med treretters middag eller lage kaldtbord (gjerne inkludert varmrett)!

  • Kvardagsmat og nistepakke

  • Matallergi er ei vanleg utfordring: For å sikre at alle får rett mat, ynskjer me å få tidleg informasjon om slike behov. 

  • Måltid og servering er inkludert i tilboda og det er ikkje mogleg å lage eigen mat på Lyngmo. 

  • Lyngmo er ein rusfri institusjon for heile familien. Det er ikkje høve til å kjøpe eller nyte medbrakt alkohol hos oss. 

Fasilitetar: Her kan du lese meir om dei ulike fasilitetane me har på Lyngmo

Tilbod

Kontakt oss på lyngmo@lyngmoinfo.com eller ring tlf: 57 68 43 66 for nærare informasjon og tilbod.

Me tek gjerne ein samtale om korleis me kan legge til rette for dykkar arrangement!


Lokale til mange hendingar

Vidare kjem ein oversikt over ulike pakkar me kan tilby. Ta kontakt for informasjon og tilbod!

Selskap

Bursdag - Minnestund - Slektstreff - Konfirmasjon - Dåpsselskap - Bryllaup

Når familien skal samlast til fest eller i sorg har Lyngmo gode lokale til dette. Me lagar selskapspakkar og prøver å gje samlingane ei god og verdig ramme. Me ønsker å gje ei personleg oppfølging slik at dagen vert slik gjestene ønsker. Samtalen og gjennomgangen før selskapet er viktig for oss slik at me kan yte den servicen som me skal.

Konfirmasjon: Vær tidleg ute med å bestille lokale til konfirmasjonsselskap. Her har me bestillingar fleire år fram i tid. Bestillingane vert registrert, men den må stadfestast på nytt ca. 1 år i førevegen.

Barnebursdag

Bruk dei flotte lokala til Lyngmo til å feire barnebursdagen!

Lyngmo er bygd for barn og ungdom. Legg barnebursdagen til oss og bruk dei flotte lokala til leik og moro. Her er gode alternativ inne med gymsal og aktivitetsrom. Om sommaren kan ein også være ute og få inkludert båt, kano, sandvolleyball og bading frå vår eiga strand.

Barna får brus og pølser ELLER pizza.

Gjestene tek med kake sjølv eller kan kjøpe is i kiosken.

Kurs - Møte - Konferanse

Me tilbyr pakkeløysing med møtelokale og matservering til frivillige organisasjonar og næringslivet.

På Lyngmo er det gode løysingar som gjer at gjestene kan gjennomføre arrangementet sitt på ein god og effektiv måte. Møtesalen har lydutstyr, prosjektor, piano og trommer. Maten blir servert i matsalen like ved møtelokalet. Dermed er det lagt til rette for ei rask og god servering slik at gjennomføringa blir slik de ønsker.

Me tilbyr også kaffi, frukt, kaker og snacks til pausane!

Dersom kurset varer over fleire dagar kan me tilby overnatting i rom med eige bad.

Catering

Bursdag - Minnestund - Selskap

Maten kan hentast på Lyngmo eller me kan levere i Luster og Sogndal dersom me har ledig kapasitet.

Me leverer mat til selskap og minnestunder

På menyen har me middag, kaldtbord og dessertar.

Ta kontakt for meir informasjon og prisar.

Weekendar og leirar

Konfirmantleir - Kurs - Leirar for frivillige organisasjonar

Lyngmo er bygd for denne type arrangement og har gode fasilitetar for alle aldrar. Gymsal og aktivitetsrom er ofte populært. Det er også det fine uteområdet vårt om sommaren. Om vinteren er det kort avstand (5 minutt) til Sogn Skisenter med mulighet for alpint, langrenn og tur.

Me lagar pakkeløysingar slik at arrangementa får ei god ramme på Lyngmo.

Ta kontakt for ein samtale om dykkar arrangement!