Lyngmo Ungdomssenter

Lyngmo Ungomssenter er ein leirplass som ligg ved Hafslovatnet i Luster kommune. Det er kun 4 km til Solvorn og Sognefjorden og ca. 15 minuttar til Gaupne og Sogndal.

Historien og kjernedrifta

Lyngmo vart bygd i 1965 og er framleis eigd av Misjonssambandet og Indremisjonsforbundet. Leirplassen har hatt 3 større ombyggingar og utbyggingar. Den siste i 2016 då ein ny fløy med soverom, bønnerom, gymsal og sanitæranlegg til hytte- og campinggjester stod klart.

Leirplassen vart bygd for å legge til rette for kristne leirar og arrangement for born og ungdom. Seinare har drifta utvikla seg til eit variert arbeid for barn, ungdom, familiar, vaksne og eldre. Lyngmo har tilsett eigne barne- og ungdomsarbeidarar og driv leirarbeidet ut i frå leirplassen. Barne- og ungdomsarbeidarane besøker også dei kristne barne- og ungdomslaga i Indre Sogn. På Lyngmo ønsker me å være eit godt vertskap som legg til rette med god mat og gode fasilitetar.

Me ønsker at Lyngmo skal være ein aktuell og kjent plass lokalt på Hafslo, regionalt i Sogn og elles i landet. Difor har me ei variert drift med mange ulike tilbod:

Hafslo: Barnelaga våre med Knøttekoret, Torsdagsklubben og Småbarnstreff er viktige for oss.

Sogn: Leirarbeidet og anna barne- og ungdomsarbeid er ei prioritert del av drifta

Norge: Nokre leiarar / festivalar samlar folk frå heile landet.

Utleige og anna drift

I tillegg til dei ideelle arrangementa våre skaffar me midlar til drifta, ved å leige ut staden til overnatting, camping, selskap og konferansar.

Lyngmo Gjestehus og Camping er sommarsatsinga vår og Lyngmo har blitt ein populær stad for turistane. Lyngmo har ikkje mål om forteneste og midlane som kjem inn går tilbake til drifta. Dette gjer at me kan halde fram med å drive leirarbeidet som er formålet med Lyngmo.

Gåver og dugnad

Lyngmo er avhengig av støtte i form av dugnad (mellom 4 og 5 årsverk) og inntekter frå gåver, basarar med meir for å kunne leggje til rette for eit godt og variert barne- og ungdomsarbeid. 

Bruk linken under for å lese meir om korleis du kan gje di gåve til Lyngmo.