Leir for alle på Lyngmo!

Alle aldersgrupper: På Lyngmo er det leirar for alle aldersgrupper! I flotte omgivelsar og i godt fellesskap ligg det godt til rette for trusopplæring og gode opplevingar!

På vegne av: Lyngmo arrangerer leirar på vegne av Misjonssambandet og Indremisjonsforbundet.

Leir med fokus på Jesus: Hovudgrunnen til at det vart starta leirarbeid på Lyngmo i 1965 var at dei ønska at born og unge skulle få høyre om Jesus. Lyngmo skal vera ein møteplass der deltakarane får moglegheit til å utvikle si eiga tru og verta meir kjend med Jesus. Borna skal bli møtt av eit ope og inkluderande miljø i trygge og rusfrie rammer, der me ønskjer å sjå kvar enkelt. Leirlivet er viktig for mange og det er ein variert miks av nye vennskap, leiarar som bryr seg, trusopplæring, god mat og kjekke aktivitetar.

Trygge rammer: Me ønsker å tilby trygge rammer der deltakarane vert sett og inkludert. Leiarane som er med på barne- og ungdomsleiar har politiattest.

Alle er velkomne! Den enkelte si tru er ikkje eit krav for å væra med på leirane våre! Me forventar at deltakarane er med på samlingane, men kvar enkelt bestemmer sjølv om dei ønskjer å ta aktivt del eller ikkje.  

“Alle med” - Leirstøtte: For enkelte familiar vert det for stor kostnad å reise på leir. Dersom dette gjeld dykkar familie kan de ta kontakt på e-post(lyngmo@lyngmoinfo.com) Då prøver me å leggje til rette for alternative støtteordningar.


Program og innhald på leir

Mykje av programmet på leir er fast, medan nokre punkt vil variere med årstidene og etter kva type leir og kva aldersgruppe det er. Her er litt av det som skjer på leir:

Leir for barn og ungdom

Leir på Lyngmo er venner, aktivitetar, fokus på Jesus og mykje meir.
Les meir om leirtilbodet vårt her!

    • Bibelsamlingar

    • Barnesangar og lovsangar om Jesus

    • Gruppesamlingar

    • Kveldssamlingar

    • Misjonssamling: Me høyrer om barn og vaksne som har reist ut i verda for å fortelje om Jesus! Me samlar inn pengar til prosjekt for barn som me støttar i andre land.

  • Aktivietane er tilpassa aldersgruppene og årtidene. Deltakarane får være med på

    - Leik og moro

    - Leirkveld

    - Kanopadling

    - Tur i skibakken

    - Konkurransar

    - Kiosk

    - Fritid / vennetid

    • God mat: Det er viktig med god mat! Me serverer mat som er tilassa aldersgruppene.

    • Matallergiar: Me legg til rette for dei som har matallergiar eller andre behov for tilrettelegging!

  • Meld deg inn: Det er mogleg å melde seg inn i leirklubben på Lyngmo (i påmeldingsskjemaet for leiren).

    Frifondstøtte: Lyngmo får frifondstøtte for medlemane. Dette bruker me til aktivitetsutstyr og anna kjekt på leirane.

    Medlemspenger: Medlemspengane på 50,- kroner vert innbetalt med leirbetalinga 1 gang i året. Medlemmane får 50 kroner i avslag på prisen på 1 leir i året.

    Lyngmo Glytten og informasjon: Medlemane får tilsendt Lyngmo Glytten og anna informasjon om leirar og andre arrangement.

  • Deltakarane må ha med seg klær og ustyr til overnatting. Dette får ein informasjon om i informasjonsbrevet som blir sendt ut på e-post ca. 1 veke før leiren.

    Nokre standardting som er vanlege

    • Sengetøy (Laken, putetrekk og dynetrekk / sovepose)

    • Toalettsaker og handduk

    • Gode klær til uteaktivitetar

    • Gode klær til leik i gymsalen (ta gjerne med gymsko)

    • Bibel eller barnebibel dersom du har (det går an å låne på Lyngmo)

    • Skrivesaker

    • Litt pengar til kiosk (maks-sum står i informasjonsbrevet)

    • Litt pengar til misjonsprojekt (frivillig gåve for å støtte arbeid blant barn i andre land)

Familieleir

På Lyngmo er det leir for alle aldrar.
Les meir om familieleirane vår her.

Leir for vaksne

Ein blir aldri for stor til å reise på leir!
Les meir om leirane for vaksne her.